Søndag 30 Juli 2023
Kl. 14:00 - 14:15, Søsterkirkene på Granavollen
Alv Reidar Dale les dikt av Aasmund O. Vinje
Hadeland dialekt- og mållag og Kyrkja i Gran heidrar kvart år Aasmund Olavsson Vinje med å invitere til å høyre Vinje-dikt ved grava hans på dødsdagen 30. juli. I år er det Alv Reidar Dale som er invitert til å lese. Som pensjonist har han flytta frå Oslo og gjort hadelending av seg, eller "granasogning", som han no likar å kalla seg. Alv Reidar Dale er fødd i Bergen, men voks opp i Sogn. Han er utlærd prest, er norskfilolog og har arbeidt i forlag, film, teater, plateselskap, mållag og ungdomslag. Lengste tida, dei siste 35 åra, arbeidde han ved Universitetet i Oslo, m.a. med tidsskriftet Apollon, som er eit prisløna forskingsmagasin. På fritida tek han aktivt del i innflyttarlag og kor, i kyrkja og i mållag - og no som medlem i Hadeland dialekt- og mållag. Vel møtt!
2024 © Stiftelsen Gran frivilligsentral (01.07.2020)