Onsdag 8 November 2023
Kl. 19:00 - 20:30, Gran bibliotek, Skolegata 3, 2750 GRAN
Boklansering av HADELANDSDIALEKTA, band 2
Hadeland dialekt- og mållag presenterer boka HADELANDSDIALEKTA, band 2

Rolf Theil skal halde eit føredrag om det siste bandet av tobandsverket Hadelandsdialekta. Dette bandet har undertittelen Ommvent ołbok, lydlære, fårmlære, læsastykkjer å artikler.

Den omvende ordboka, som byggjer på den omfattande innsamlingsarbeidet til Bjørn Liaklev, utgjer den største delen av boka. Her kan du slå opp på bokmål for å finne ut kva noko heiter på hadelandsdialekta, omvendt av det du finn i Band 1. Visste du for eksempel at sigd heiter sjyru på hadelandsk?

Mange vil ha stor glede av alle lesestykka på hadelandsdialekt. Folk frå ulike delar av Hadeland har bidrege med morosame historier. Dette er eit verdifullt tillegg til sjølve ordbøkene i begge banda. Her får du sjå dialekta i praktisk bruk.

Rolf Theil har sjølv skrive to ganske lange kapittel om lydlære og formlære (ordbøying) i hadelandsdialekta, på grunnlag av materialet til Bjørn Liaklev. Theil kjem naturleg nok til å seie litt om dette òg. Ikkje minst handelandsk ordbøyinga er utruleg spennande!
Men dette er ikkje alt. Kom, så få du høyrre!

BJØRN LIAKLEV og ROLF THEIL signerer bøker.

Velkommen!

Biletet er av Rolf Theil og tatt av Eli Theil


2024 © Stiftelsen Gran frivilligsentral (01.07.2020)