Fredag 17 Mai
Kl. 08:45 - 09:30, Søsterkirkene på Granavollen
Minnehøgtid over Aasmund O. Vinje
Saman med kyrkja og Mannskoret KK inviterer Hadeland dialekt- og mållag til minnestund over Aasmund Olavsson Vinje i Mariakyrkja kl. 08.45. I år er det brandbujenta Ingrid Skjøtskift som er invitert til å halde minnetalen. Ingrid vart fødd i 1952 og vaks opp i Midtre Brandbu på småbruket Sørvika. Ho vart fødd som nummer tre av fem søsken, med to eldre brør og to yngre systre. Ein bror og dei to systrene bur i Brandbu. Foreldra er Ellen Sofie (fødd Gunstad i Jevnaker) og Erik Skjøtskift (fødd i Oppdal). Farfar Torleiv Skjøtskift var med i starten av Brandbu mållag. Far Erik sa ofte; «Prat dialekt og skriv nynorsk!» Etter kvart kalla han dei norske skriftspråka for norsk og bokmål. Farfar Torleiv starta som dirigent då Brandbu mannskor blei stifta, og far Erik tok over etter han. Då ho var lita, var Ingrid med far sin på ein del øvingane i koret. Då er det kanskje ikkje så rart at ho alltid har lika mannskorsong? På husflidsskulen på Lillehammer fekk Ingrid ein vestlending som førelesar. Den unge Ingrid opplevde det som tungvindt å skulle omsette til bokmål det læraren hadde skrive på tavla, så Ingrid tok til å notere på nynorsk. Då fann ho ut at nynorsk faktisk låg nærare opptil talemålet sitt og var enkelt å skrive. Ho gjekk over til nynorsk som hovudmål då ho var 22 år. Ingrid busette seg i Rauland i Vinje kommune, der ho har budd dei siste 40 åra. I Vinje kommune arbeidde Ingrid m.a. med bygningsvern, museum og lokalhistorisk arkiv for Vinje kommune. Ho har sommarhus i Sløvika, der familien ferierar i barndomsheimen etter mor hennar. No er Ingrid pensjonist og gler seg til å halde tale for oss. Biletet viser Ingrid ved Vinjestoga, der Aasmund Olavsson vaks opp på garden Plassen. Fotograf: Aasmund «Plassen» Nordstoga.
2024 © Stiftelsen Gran frivilligsentral (01.07.2020)